Om Pedro Eiendom AS

Pedro Eiendom i Stordal vart stifta i 1987 som eit aksjeselskap eigd av familien Peder J.O.Hove. Formålet med selskapet er å erverve, leige og drive fast eigendom, samt på kva som helst slags måte kunne engasjere seg i andre selskap. Selskapet eig og held til i Pedro-bygget, som ligg like ved sjøkanten i Stordal kommune, 60 km fra Ålesund. Her driv ein med utleige av kontorlokale og møterom, samt lager -og industri lokale til ulike bedrifter.

Dagleg leiar Vigdis Hove Øie

Dagleg leiar i Pedro Eiendom er Vigdis Hove Øie, som har kontor i 3. etasje.

Arild Hove er konsulent og vaktmester i selskapet og held til i 2.etasje.
(Org.nr.: 944268200)

Kontorlokaler

I Pedrobygget kan du leige lyse og trivelige kontorlokaler mellom 10 – 25 m2 i 2. etasje. Du kan velge mellom ferdig møblerte kontor, eller du kan møblere sjølv. Ta kontakt dersom du vil etablere eiga bedrift, eller om det er ein forretningsidè du vil diskutere. Her på Pedro-bygget finns det ekspertise for ny-etablerarar.

Fasilitetar

  • Breiband (fiber) tilkobling / WiFi.
  • Whiteboard, flip-over og videoprojektor.
  • Møterom for inntil 20 personer.
  • Møterom/forsamlingslokale for inntil 40 personer.
  • Møteromma kan også leigast av bedrifter/ organisasjonar som ikkje har kontor i Pedro Bygget.

Lager- og industrilokaler

Pedro-bygget inneheld lager og produksjonslokaler på tilsaman 7.000 m2 over to etasjer. Ta kontakt dersom du har behov for lager eller produksjonslokaler.

Ta kontakt

Pedro - eit møbeleventyr

Men Peder J.O. Hove, godt assistert av kona Karen, starta på berr bakke i 1960, og i løpet av eit par tiår hadde dei fått fram ei møbelbedrift som talde mellom dei fremste i landet. Korleis kunne dette vere mogeleg? Før vi søkjer svaret på dette spørsmålet må vi gå noko lenger attende i tida, for Peder hadde ikkje gått gjerandelaus før han byrja å lage puffar som 30-åring.

Les mer om Pedro Historia